Byggtermografi - varmekamera

 

Eldre trehus på Voss.  Ute-temperatur minus 20,3 C   01.12.2010 kl. 21.12
Termogrammet (bildet) er ein illustrasjon og må ikkje tolkast som meir enn dette.

Kvifor termografere i bygningar?

- Einaste effektive metode for å lokalisere lekkasjar i vindtetting og plastfolie
- Avdekke mangelfull isolering og utette vindu/dørar
- Finna kuldebruer
- Finna fukt / fuktskadar = sopp / råte
- Kontroll av lyd-lekkasje mellom bu-einingar og i yttervegg (lyd = luft)
- Lokalisering av avløp og vatnrøyr skjult i konstruksjonar
- Feilsøk på varmekablar / vannbåren varme / ventilasjonssystem
- Betre utnytting av balansert ventilasjon og varmegjenvinning
- ENØK-tiltak, etterisolering og vindtetting
- Reduserte utgifter til oppvarming
- Betre og meir behageleg innemiljø
- Kvalitetskontroll av nybygg før overlevering
- Trygghet ved sal av brukt bustad = høgare verdi
- Dokumentasjon i reklamasjon og tvistesaker

 

Kva er termografi

Mons på sofaen - digitalfoto Mons på sofaen som varmebilde Her låg Mons - varmeavtrykk / IR-foto
Våre auge ser ljos-strålar IR-kameraet ser varmestrålar
"Varme-avtrykk" -
her låg katten!
I eit termografikamera blir varmestrålane (infraraud stråling) rekna om til temperaturar. 
For å få til dette må vi veta noko om kva slags overflater vi ser på,  kva temperaturar
som er rundt oss + ein del andre ting.
Det er ikkje nok berre å ta bildene, dei må også analyserast og vurderast.
 
Termografi krev fagkompetanse og erfaring!

Utdanning, kompetanse og sertifisering

 
Byggtermograføren er byggmeister/byggingeniør og kan lesa og vurdera varmebildet med sin fagkunnskap om byggkonstruksjonar, isolering, luftlekkasje og fuktproblematikk.

Termografi blir også nytta som verktøy innan fagfelt som elektro, medisin, veterinærmedisin, prosessindustri, brannvern og innan redningstenesten.

Termografering av bygg skal skje i samsvar med Norsk Standard NS-EN 13187: Bygningers termiske egenskaper. Kvalitativ metode for å oppdage termiske uregelmessigheter i bygningers klimaskjermer. Infrarød metode.

 
Ein sertifisert termografør kryssar ikkje fag-grenser!
 
Be om dokumentasjon og referansar.
Lenke til foreningen Klimaskjerm
 
Sertifisert
Termografør ITC

Lenke til sertifiseringsorganet ITC

 
Termografi kombinert med luftlekkasjemåling / trykkprøving av bygg
Blowerdoor system Blowerdoor system
Minneapolis Blowerdoor
Komplett system for måling av luftlekkasje i bygningar.
Automatisk generering av rapport direkte til PC.
Byggeforskriftene stiller krav til maks luftlekkasje i bygningar.

Trykkprøving i kombinasjon med termografi vil gje særs gode opplysningar om kvaliteten på vindtetting, dampsperre (plastfolie) og isolering i din bustad.

Sjå vår side om trykkprøving
Forbrukarsider om termografi 
og trykktesting: 
 

Om termografi og trykktesting - enova.no

Spar strøm med superkamera - vg.no

Termografi - forbrukerportalen.no

Termografi avslører varmetap - enova.no
Unngå istapper fra taket - dagbladet.no

 

Litt meir om teknologien bak termografi

Alle objekt sender frå seg varmestrålar, også ved kuldegrader. Eit IR-kamera har sensorar som måler styrken i denne strålinga og reknar om til temperatur og omformar vidare til eit synleg bilete. Kvart punkt (pixel) på eit slikt IR-bilete får sin eigen temperatur og termograføren kan nytta denne informasjonen i si analyse og vurdering av objektet (bygningen).
Elektromagnetisk stråling - ulike frekvensområde:

Elektromagnetisk stråling - bølgelengde/frekvens

Eit varmekamera registrerer stråling i IR-området, frekvens mellom mikrobølger og synleg ljos.
Termografi er ikkje "røntgen-syn" og er også ulikt "nattbriller" som er kraftig forsterking av synleg ljos.  Eit IR-kamera sender ikkje ut stråling og er såleis heilt utan helsefåre.
Eit godt IR-kamera har også innebygd eit digitalkamera. Bilder kan slik presenterast som ei blanding av vanleg foto og varmebilete eller kvar for seg, nyttig ved presentasjon i rapportar.
Vesentlig forskjell frå digitalkamera er at IR-sensoren registrerer varmestråling og at optikken er høgst ulik. Vanleg glas kan ikkje sleppa gjennom infraraude strålar og linser i varmekamera er difor laga av grunnstoffet Germanium. Gode IR-kamera ser temperaturforskjell på 0,05° C.

Byggtermografi blir oftast utført i kombinasjon med trykkprøving. Poenget er å etablera ein stor nok forskjell i lufttrykk mellom ute og inne. Ved temperaturforskjell mellom utelufta og inne (helst over 10 grader) kan IR-kameraet då registrera og ta bilete av lågare temperatur på lufta som kjem inn i eit lekkasjepunkt.

Når trykkforskjellen er kjend (Blowerdoor-metoden) kan vi også ta nøyaktige målingar av trekk (lufthastighet). Byggeforskriftene har reglar også for dette og med vårt utstyr og kompetanse kan vi måla og dokumentera om ditt bygg er i samsvar med aktuelle krav og forskrifter.
Døme på alternative bruksområde for varmekamera

Flink bisk?

Flink bisk - når du er heime

Slik det var før du låste opp ytterdøra!
 
Anstendig datter?

Det du kan sjå

Det IR-kameraet kan sjå
Illustrasjon: Utlånt av Morten Fredriksen  Presisjons Teknikk as