Vossaskifer
|
Skifer og heller frå Voss prydar tak over heile landet og har gjort det i fleire hundreår. Utlandet har også fått augo opp for skifersteinen, mellom anna Sveits, Tyskland og Japan har marknad for Vossaskifer. Skiferen blir broten i det såkalla
Øvre
Bergsdalsdekket. Det opphavlege
råstoffet for bergarten var sand med litt leire. Sandsteinen som vart
avsett for meir enn 1,3 milliardar år sidan, vart oppvarma, samanpressa og
utvalsa under den kaledonske fjellkjededanninga. Ikkje berre vart han riven
laus frå grunnfjellet ein stad i vest, sandsteinen blei også overkøyrd av
millionar av tonn med anna fjell - skuvedekke som vart pressa austover
under kollisjonen med Grønland for meir enn 400 millionar år sidan. |
|
Skiferdrifta på Norheim hadde i si tid 200 mann i arbeid. Historia om dette er godt dokumentert i boka "Under helletak". |
Kvartsskiferen ligg som lag oppå, og dels inni fyllitt. Isbrear og seinare Strandaelva har grave seg ned gjennom skiferlaga, slik at kvartsskiferen no ligg oppe i dalsidene. Skiferlaga dannar såleis ei V-form rundt nordenden av Lønavatnet. Brota ligg på rad og rekkje både på Lønahorgsida, og framfor alt - på austsida av dalen. På Lønahorgsida har det også vore skiferdrift. Skiferdrifta på Klondyke og Klepp (høgd 1000 moh.) blei sett i gang omlag 1900. Her var drift berre om sommaren og skiferdrivarane budde i Skiferbrakka på Klondyke, og forsyningar bar dei opp ein gong i veka. Det var A/S Lønehorgen Skiferbrud som leigde berget, og det vart bygd løypestreng frå Flatekvål og opp til Klepp. Det var fyrsteklasses heller som vart laga i berget, men drifta var dyr og vanskeleg og lønsemda lita så drifta vart nedlagd i 1927 og selskapet oppløyst.
Skiferbrakka står der enno, du ser hytta ned mot aust når du fylgjer stien frå Kvilehytta / slutten på vegen - neste gong du er på tur til Lønahorgi. |

|
Sigurd Lemme med skantesaksa. Oppfinninga av skantesaksa blei ein revolusjon i produksjon av takheller. Det er i nyare tid gjort freistnad på å utvikla ei hydraulisk skantesaks, men kanskje er Vossaskiferen eit slikt unikt naturmateriale som berre kan foredlast gjennom erfaring og handamakt = handverk. |

Sigurd sitt berg - skiferblokker med manuell kran, på trallebana og inn i skantehytta

Skifertippen (Borstrondi/Lønavatnet i bakgrunnen)

Sigurd sin tipp - dagsverk, årsverk, generasjonar?

Jan Olav Grevle sveivar fram nye spikarhakk i skiferhellene (8x14" lapp)

Spikarhakk - ikkje på gamlemåten med øks, men noko meir industrielt!

Vossaskifer høgt til fjells i Hallingdal / Fossastøl - gamle heller frå 1909 og supplering med nye i 2001.
Sjå også vår side om Skifertekking